Arrangement
Skal
noko feirast?
- eit jubileum frå skuletida som skal
markerast?
- ein åremålsdag?
- konfirmasjon i familien?
- utdrikkingslag?
- brudlaup for 1. eller 2.gong?
Me tek på oss alle typar arrangement for opptil
40 personar. Garden har alle rettar.
Opplevelsar:
Treng du påfyll til livet, ikkje berre til jobben?
Vil du ha det godt og kun tenkja på deg sjølv
- utan å skulle rapportera til nokon?
-
Kva med å ta med gode venner /kollegaer til "Babettes
Gjestebud" på Eide Gard? Ein
kulinarisk nytelse over fleire timar med spennande rettar
på menyen.
-
Om du sist hadde mange gjester i brudlaupet, og denne
gongen ynskjer noko spesielt for dei utvalgte, kontakt
oss og me lagar den ramma de måtte ynskja.
-
Og etterpå - om du vil overrekkja morgongåva
utan publikum, men med champagne, står brureloftet
klart!
-
Kva med å nyta Ølensnaturen og prøva
ut dei flotte og godt merka turstiane
med utgongspunkt frå Eide Gard? Eller er du den
typen som føretrekk å vera i båt
og heller vil prøva fiskelukka?
|