Farne
tider
Fornfunn
på Eidegarden vitnar om gamal busetnad. Ei flintøks
frå steinalderen viser spor etter menneske. Men
i bronsealderen var truleg Eidegarden i ferd med å
ta form. Det var den største og mest dominerande
av gardane på nordsida av eidet over til Sandeid.
Garden har namnet sitt frå dette eidet.
Rundt
40 kjende gravhaugar fortell at Eide er den mest fornrike
garden i bygda, med fjerdeparten av alle gravhaugane
i kommunen.
Adelsgods
(1520 - 1690)
På
1500- talet var garden adelsgods, eid av Laurits Dahl
og Erik Oresing. Men i 1652 var Austre Eide i hendene
til Fjelberg- presten, Anders Brose.
I
løa på Eide Gard finn me i dag eit trekanthakk
i grinda. Desse trekanthakka er så interessante
at det er utført åringsprosjekt på
dei. Dei skriv seg frå 1540 - 1620. Desse trekanthakka
er heller skjelsynte, men dei er også funne på
gamle Fjelberg Prestegard. Ein kan då spørja
seg, er grinda i løa vår gjenbruk frå
prestegarden eller kva tid og kvifor er den hoggen inn?
Truleg er dei skorne inn i stavane i symbolsk tydning
som vernefunksjon eller fruktbarhetssymbol.
Dei
siste 150 åra
Eidegarden
vart etter kvart delt opp i mange bruk. Dette bruket
kjøpte familien i 1854.
Den siste tida har husa på garden vore gjennom
ei restaurering.
I Tunhuset går "bestemorsatmosfæren"
hand i hand med moderne komfort.
Eldhuset som i tidligare tider var hjarte i tunet, er
no som i si glanstid. Det stadfestar gamle bilete.
Vedhuset har vorte ei "Gildeskål". Her
kan du nyta god mat, studera 3000 år gamal byggjeskikk
eller la augo kvila i eit kulturlandskap med fjord og
fjell, innmark og utmark.
Om du skulle få lyst å bruka kroppen meir,
er det skogsvegar og turstiar til fjells og båt
på fjorden.
For å ha teke vare på denne kulturarven,
og gjort han tilgjengelig for andre, har eigaren fått
Stiftelsen Norsk Kulturarv sitt kvalitetsmerke Olavsrosa.
Me skal ta vare på fortida for framtida - gjennom
nåtida.

|